Tilbake til «Live in NY York»
Kvifor har du så lita tru 2:36
Kvifor har du så lita tru?
Kvifor er du engsteleg?
Kvifor vil du frå meg snu
og alltid gå din eigen veg :/
Det blåste opp til uvêr
båten var ikkje stor
venene vart redde
men sjøen stilna på mitt ord
ref: /:Kvifor har du så lita tru?…:/
Marta gret då ho såg meg
ho sa: Bror min døydde i natt
Jesus, du kjem for seint.
Men av meg fekk han livet att
ref: /:Kvifor har du så lita tru?…:/
Eg er større enn di redsle og tvil
dine grenser og spekulasjonar
Eg er større enn di tru og di von
dine meiningar og konklusjonar
ref: /:Kvifor har du så lita tru?…:/