Klovnar 5:06
Her e gråt og her e klage
Her e bitterhet og nød
Her e sjukdom, her e plage
Her e auer fylt av død
Her e folk med depresjonar
Her e folk så djupt fortvila
Dei e uten illusjonar
dei kan’kje lenger smila
Og me flyr rundt og grine med
og prøve å få opp motet
Me snakke om håp og fred
me trur på orden i alt rotet
Me seie: Gud e glad i oss
forstår ikkje at me tør det
Me seie: Midt i sorgen møte han oss
me forstår’kje sjøl, men me gjør det
Eg lure på om det e klovnar me e
te allmenn lått og løye
Men får me sjå eit lysglimt av og te
så får det’kje ver så nøye
Meiningsløyså e bunnlaus
alt e så absurd
Håpet synes grunnlaust
gleda blir sjelden spurd
For smil og varme tankar
blir tatt av en kjølig bris
og eit angstfylt hjerta så bankar
det fryse så lett te is
Men me gir oss ikkje, uansett
me prøve å få opp motet
Sjøl om angsten gjør oss kald og svett
trur me på orden i rotet
Me seie: Gud e glad i oss
forstår ikkje at me tør det
Me seie: Midt i angsten møte han oss
me forstår’kje sjøl, men me gjør det
Eg lure på om det e klovnar me e
te allmenn lått og løye
Men får me sjå eit lysglimt av og te
så får det’kje ver så nøye
Og får me sjå eit ishjerta så smelte
eller hørra ein statue le
Eller får me sjå eit forsvarsverk så velte
og eit levande menneske bak det
Eller får me kjenna varmen strømma på
i eit rom der det før va kaldt så is
eller sjå ein nerslått reisa seg og stå
så rak og stolt på kongevis
Ja, då e det det samme om det e klovnar me e
te allmenn lått og løye
Når me får sjå små mirakler så skjer
då får det’kje ver så nøye